Manglar kunnskap om korleis havvind påverkar fiskeria

Fiskebåten Nesejenta passerer vindturbinane på Hywind Tampen i Nordsjøen. Foto Anne Christine Utne Palm/Havforskningsinstituttet –  Vi veit for lite i dag om korleis havvind vil påverka fiskeria. Ein manglar kunnskap om kva effektar til dømes støy, elektromagnetisk stråling frå kablane og mindre vind eller endra straum-mønster vil ha å seie, seier HI-forskar Anne Christine Utne Palm.