Av Stine Hommedal, Havforskningsinstituttet
Havforskingsinstituttet har lagt den sunnmørske silda under lupa, og konklusjonen er no klar: Silda i fjordane på Sunnmøre er lik den meir havgåande sorten.
– Etter grundige analyser konkluderer vi med at det ikkje finst vitskapeleg grunnlag for å sei at silda i desse fjordane er ein eigen variant, seier havforskar Aril Slotte.
Sunnmørsk sild er ei blandingssild
Resultata viser tvert i mot at silda på Sunnmøre er ei god blanding av fleire genetisk ulike havbestandar.
– Dei dominerande slaga er nordsjøsild (haustgytarar) og NVG-sild. Samansetninga av silda i desse fjordane er veldig lik den vi ser i Nordsjøen og til dels det sørlege Norskehavet i vårhalvåret, når silda møtest i beiteperioden, forklarar Slotte.
Ikkje vitskapeleg grunnlag for freding
Men kvifor bryr havforskarane seg om kor silda eigentleg kjem frå?
Jo, dersom ein fann heilt lokale bestandar av sild i fjordane på Sunnmøre, altså at silda var tilpassa eit liv akkurat i dette området, så ville det vore eit vitskapeleg grunnlag for å gje råd om freding av silda her for å sikre mangfaldet i denne arten.
Dette rådet har havforskarane blant anna gitt for silda i Sognefjorden, Nordfjord og Trondheimsfjorden – med påfølgjande reguleringar frå Fiskeridirektoratet. Men det finn altså ikkje forskarane grunnlag for på Sunnmøre.
– Resultata tyder også på at dette er sild som er på besøk og gyter utanfor sitt faste gyteområde. Og her må eg leggja til at det ikkje er så uvanleg at silda tek seg slike turar, det er kanskje ei av årsakene til at dette er ein art som klarar seg br
– Når sild frå havet brukar eit fjordsystem i sin livssyklus, så vil det sjølvsagt kunne bidra til økosystemprosessar i fjorden, uavhengig av om den er genetisk unik. Men førebels så har vi ikkje vitskapeleg grunnlag for særeigne reguleringar for slike vurderingar, seier Slotte.
Lite sild grunna når færre larvar driv inn i fjorden
Ei anna årsak til at det for tida er det lite sild i fjordane på Sunnmøre skuldast at NVG-silda i seinare år ikkje har gytt i stort omfang utanfor fjorden.
LES OGSÅ:
No skal Sognefjorden, Noregs djupaste fjord granskast
– Dermed har langt færre sildelarvar drive inn i området og hatt sine første leveår inne i fjordane. Vi har data gjennom fleire år med tokt i fjordane som viser at det kan vera mykje yngel av NVG-sild i området. Så det vil ha betydning for økosystemet at verdas største sildebestand vender tilbake for å gyte på Møre, seier Slotte.
Denne artikkelen ble først publisert på Havforskningsinstittuttets nettside