Det internasjonale havforskingsrådet ICES la fredag fram nye kvoteråd for NVG-sild, kolmule, makrell og hestmakrell for 2024. ICES tilrår ei kvote på opptil 390 010 tonn for norsk vårgytande sild (nvg-sild). Det er ein nedgang på 24 prosent samanlikna med rådet for 2023. 

Av Bente Kjøllesdal, Havforskningsinstituttet

– Bestanden går ned grunna høgt fiskepress og manglande rekruttering etter 2016-årsklassa. I 2024 vil bestanden kome under tiltaksgrensa i haustingsregelen, seier bestandsansvarleg Erling Kåre Stenevik ved Havforskningsinstituttet.

Forvaltningsstrategien avgrensar vanlegvis nedgangen i kvoteråd til 20 prosent, men om bestanden vil hamne under tiltaksgrensa i kvoteåret, fell denne avgrensinga vekk. Det er tilfellet for nvg-sild. 

 

Lyttar politikarene til forskarne, blir det ei kraftig reduksjon i kvotene på NVG-sild. Foto Leif Nøttestad, Havforskningsinstituttet

Forskarane har berekna at gytebestanden kjem under føre-var-grensa i 2024 og nærmar seg grensa for den lågaste gytebestanden som framleis er i stand til å gje nye solide årsklassar. 

Vegen er relativt kort frå den eine grensa til den andre, og rådet er difor å redusere fangstane betydeleg. Kvoterådet for 2024 er 44 prosent lågare enn forventa fangstar i 2023.

– Prognosane våre seier at sildebestanden i 2024 vil vere den lågaste sidan i 1988, seier Bjarte Bogstad, forskar og ICES-representant ved Havforskingsinstituttet. Han held fram: 

– Årsklassane etter 2016 er svake og det trengst påfyll frå nye sterke årsklassar.

Kvoterådet for nordsjøsild vart lagt fram i mai.

Oppgang for kolmule 

Kvoterådet for kolmule er 13 prosent høgare samanlikna med rådet for 2023. ICES tilrår at kolmule-fangstane i 2024 ikkje stig over 1 529 754 tonn. 

– Det har vore god rekruttering dei siste åra, med rekordsterke 2020-2021-årsklasser, seier Bogstad. 

 

Men også kolmule blir fiska i større grad enn tilrådd. Rådet er ni prosent lågare enn dei forventa fangstane i 2023.

Liten nedgang for makrell

Kvoterådet for makrell er 739 386 tonn, noko som er 5 prosent lågare enn rådet for 2023 og 36 prosent lågare enn forventa fangstar i 2023.

Det står betre til med makrellen enn for silda, men bestandsvurderinga av makrell syner at gytebestanden har vorte redusert med 2,7 millionar tonn frå eit historisk toppnivå i 2015 til 2023, sjølv om rekrutteringa har vore god. 

– Det har vorte teke rekordhøge makrellfangstar dei siste 10 åra, i snitt meir enn 1 million tonn årleg. Fiskedødelegheita har auka dei siste åra, og ligg no høgare enn nivået (FMSY) som gjev maksimalt langtidsutbytte for makrellbestanden, seier bestandsansvarleg Leif Nøttestad. 

For vestleg hestmakrell tilrår forskarane null fangst, som i fjor. 

– Vi reknar no med at gytebestanden vil vere under den kritiske grensa i 2025, sjølv med null fiske, seier Bogstad. 

 

Manglande internasjonale avtalar

Med unntak av hestmakrell, er alle bestandane berekna å vere over føre-var-grensa i 2023. Men nvg-silda vil falle under føre-var-grensa i 2024.

Ei utfordring for både nvg-silda, makrellen og kolmula, er mangelen på internasjonale avtalar. 

– Dette gjer at fisket har vore langt over råda dei siste åra, og vi ser no at dette særleg rammar nvg-silda, der gytebestanden fell under føre-var-grensa, seier Bogstad.

(Artikkelen ble først publisert på Havforskningsinstituttet sine nettsider.)

LES OGSÅ:

Havforskningsinstittutet gir kvoteråd for brisling i fjordane