Myklebust Verft har inngått skipsbyggingskontrakt på ein ny pelagisk trålar til det skotske reiar Sunbeam Fishing Limited i Fraserburg i Skottland.

Av Terje Engø/pressemelding fra Myklebust Verft

Epost: terje@fiskerimagasinet.no

Levering av skip frå Gurskebotnen er planlagt til årsskiftet 2025/2026. Nybygget vil bli bygg nummer 79 levert frå verftet, og klasses av Bureau Veritas. Designer av skipet er SALT Ship Design, og er av typen SALT 0364.

– Dette er svært gledeleg for alle oss på Myklebust, seier CEO Kristin Hide. Vi har sett fram til å få eit nybygg inn i vår portefølje av prosjekter, og dette vil gi oss ein større  stabilitet på ordresida.

Myklebust Verft har med ei lokale leverandørar

I prosjektet har vi med oss ei rekke lokale leverandørar av både utstyr og tenester frå den maritime klynga. Fartøystypen er innanfor eit segment som Myklebust har lang erfaring med, og vi ser verkeleg fram til å komme i gang med oppgåva for fullt.

Salt Ship Design kan opplyse at det pelagiske fartyget får ei lengd på 73 meter.

Spansk bygd fartøy som skiftast ut

Sunbeam som skal skiftast ut er ein pelagisk trålar og snurpar med lengd på 56,17 meter og bredd på 11,67 meter. Fartøyet blei bygget ved Astilleros Zamakona Pasaia i Spania.

Dette er Sunbeam som nå skal skifas ut. Fartøyet blei levert frå spansk verft i 1999. Foto Geir Vinnes

Dette fartøyet har som Fiskerimagasinet i helga kunne fortelle, besøkt Norge for å levere fisk fleire gonger. Til saman har Sunbeam i år levert i år 1687 tonn makrell og 844 tonn Nordsjøsild verd 36,3 millionar kroner.

LES OGSÅ:

44 fartøy har levert fisk for over 1,8 milliarder kroner –  se hvem