Snurrevad kan vere ein effektiv måte å fiske makrell på. her set karane på Brattholm snurrevaden. Foto Anne Sæverud, Havforskingsinstituttet

I 2022 blei havforskarane med som observatørar på MS Brattholm – ein 15 meters reketrålar som har dispensasjon til å fiske makrell med snurrevad på sørvestlandskysten.

Toktrapporten frå turen er no ferdig, og basert på observasjonane sende også HI innspel til Fiskeridirektoratet i forkant av årets sesong.

Av Erlend Astad Lorentzen, Havforskingsinstituttet

Snurrevad er effektivt – nokre gonger for effektivt

Bifangst av andre artar enn den du fiskar etter og at du kan risikere å fange for mykje fisk for ein liten båt, er to kjende snurrevadproblem som fangstforskarar ved HI jobbar for å minimere.

Dette var bakgrunnen til at forskarane gjekk med «Brattholm», som er med i HI sin referanseflåte.

Dette var funna

I løpet av tre turar til Lista og Jarstein (Karmøy) fann dei ut at:

  • Dei fekk svært lite bifangst (0,4 prosent).
  • Makrellen var umogeleg å fange med tre taukveilar, mens fem gav gode fangstar.
  • Skumringa var den beste tida å fiske på.
  • Dagsfangstane var på 0 og 5 tonn makrell ved Lista, og 53 og 55 tonn ved Karmøy.

– Det var med andre ord eit par solide fangstar, særleg etter at fiskarane fokuserte på skumringa, seier havforskar Kjell Nedreaas.

– Det låge innslaget av bifangst kan skuldast at det var få andre artar tilgjengeleg der og då. Det er for tidleg å slå fast at metoden gir lite bifangst, legg han til.

I dagslys slapp makrellen unna nota

Havforskarane utstyrte snurrevaden med kamera, og fekk til ein viss grad innsikt i makrellen si åtferd. Men berre i dagslys.

– Vi ser at det står mykje makrell i opninga på nota. Desse klarer å svømme unna når fiskarane hiver inn nota, fordi då går ho seinare enn ved tauing.

Makrellfiske med snurrevad

Det er lov å fiske makrell med snurrevad i Skagerrak, men dette har det vore lite interesse for.

Fiskeridirektoratet kan gi dispensasjon til eit forsøksfiske for fartøy i kystfartøygruppa langs kysten mellom Bryne på Jæren og Lista vest i Agder.

I dette området har Ognabukta på Jæren vore ein hotspot for slikt fiske.

Fire båtar fekk dispensasjon i 2022, men berre “Brattholm” landa fangst.

Opningsdato for dispensasjonsfisket i 2023 er 20. oktober.

Teorien er at makrellen ikkje viker unna nota i same grad når det er mørkt. Kanskje hamnar dei også i notposen i større grad, fordi dei ikkje ser snurrevaden komme.

Dunka for mykje i botnen

Forskarane såg også at reiskapen etter gjeldande krav var nær eller i kontakt med botnen meir enn optimalt. Då er det større risiko for bifangst av flyndrer, og også for å hekte fast snurrevaden.

Havforskingsinstituttet har derfor sendt forslag til Fiskeridirektoratet om endringar i reiskapsdesignet, som skal sikre at reiskapen fiskar to meter over havbotnen.

I Fiskeridirektoratet sine vilkår er det også krav om inspektør frå direktoratet eller forskingspersonell frå Havforskingsinstituttet om bord.

– Det er eit lovande og interessant fiskeri som vi ønsker å følge opp. Vi vil ha meir data om bifangst og utvikle ein så god reiskap som mogleg, seier Nedreaas.

(Denne artikkelen ble først publisert på Havforskningsinstituttets nettside)

LES OGSÅ:

Årsbeste i makrellfisket slått etter bare få timer

Facebook