Det ble gjort mange beslag fra Bømlo til Øygarden. Foto Fiskeridirektoratet

I perioden 22. – 26. september gjennomførte Fiskeridirektoratet, Kystvakten og Politiet ein fellesaksjon i Vestland fylke. Aksjonen resulterte i 57 beslag og 30 anmeldelsar.

Hummarfisket opnar sundag 1. oktober og det er alltid nokon som «tjuvstartar» fisket og til dømes set teiner med 60 mm opning. Det er kun lov i perioden 1. oktober til og med 30. november sør for Stad.

Pressemeldingv Fiskeridirektorat

– Vi starta kontrollen lengst sør i Vestland fylke ved Bømlo og avslutta i Øygarden. Siktemålet med aksjonen var å kontrollere reiskap i sjøen, med spesiell merksemd på reiskap for å fange hummar. Inntrykket vårt er at det sto mindre reiskap i sjøen enn vanleg og folk er generelt blitt flinkare til å merke reiskapane sine, seier inspektør Joakim Sande i Fiskeridirektoratet.

Gjengangarar

Felleskontrollen resulterte i 57 beslag og 30 anmeldelsar, og det er stort sette manglande rømmingshol (råtnetråd), manglande eller dårleg merking av reiskapen og bruk av 60 mm opning som går igjen. Dette er gjengangarar ved slike kontrollaksjonar.

– Slike kontrollar har i hovudsak to hensikter, å avdekke lovbrot og snakke med og gi rettleiing til fiskarar vi møter på sjøen. Felleskontrollar slik vi gjennomførte på Vestlandskysten er gjerne meir effektive enn om kvar kontrolletat åleine gjennomfører kontrollar, seier Sande.

I perioden før og så lenge hummarfisket er ope vil det bli gjennomført fleire liknande kontrollar langs kysten.

Tilråding

For å unngå eventuelle misforståelsar i samband med kontroll tilrår Fiskeridirektoratet at deltakarnummer i hummarfisket kun blir nytta på teiner og blåser som ein skal nytte til fangst av hummar.

LES OGSÅ: