Dette bildet er fra Sri-Lanka. Slik som dette er det mange steder i verden, og ikke alltid så mye bedre på ,mange norske strender. Foto Terje Engø

Plastsøppel frå land hamnar til sist i havet, og på toppen kjem klimaendringane:  – Totalkostnaden for havet vert høgare og høgare, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.

Av Bente Kjøllesdal, Havforskningsinstituttet

Kvart einaste år produserer vi menneske omtrent 400 millionar tonn plastsøppel i verda. 

– Vi produserer stadig meir plastsøppel. Og plastsøppelet krev uhorveleg lang tid for å verte brote ned i naturen, seier HI-forskar Michael Bank. 

Han er ein av forfattarane av ein kronikk i det prestisjetunge tidsskriftet Nature. Der peikar forskarane på at FN-forhandlingane om ei ny plastavtale kan og bør føre til konkret handling.

Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø håpar på ei tydeleg plastavtale frå FN-forhandlingane. Foto Eivind Senneset, Havforskingsinstituttet

Plastavtale i horisonten

– Noreg har vore ein av pådrivarane for desse forhandlingane, og målsetjinga er å einast om ei forpliktande avtale innan året er omme. Då er det avgjerande at styresmaktene held oppe presset i innspurten, for å sikre ei så ambisiøs og god avtale som råd, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø. 

I kronikken tek Michael Bank og medforfattarane til orde for å tenke nytt om plastrisiko – for til no har vi oversett noko heilt sentralt, meiner dei. 

Vi gløymer dei mikrobielle farane

– Til no er det stort sett dei fysiske og kjemiske aspekta ved plastproblematikken som får merksemda. Altså kor store plastbitane er, forma deira og kva dei er laga av, seier Bank.

Historiene om plast i havet handlar ofte om skjebnen til skjelpaddar som viklar seg inn i lange plastremser, eller mindre bitar som kan blokkere fordøyinga hos fisk og sjøfuglar.

Absolutt viktige problem å løfte. Men: – Vi må ikkje gløyme dei mikrobielle farane, understrekar Bank. 

For på alle desse plastbitane, finn ein mikrobar. Mikroskopiske organismar som er usynlege for det blotte auge, som bakteriar, virus eller sopp. 

Når plast vert ført kloden rundt med vêr, vind og havstraumar, då følgjer desse «passasjerane» med i sitt vesle menneskeskapte habitat. 

– Desse «plastsfærene» kan bere med seg ulike patogen, som eit virus eller ein antibiotikaresistent bakterie, som kan påverke helsa til plantar, dyr eller menneske. Og vi veit framleis for lite om følgjene, seier Bank. 

Ny risikovurdering

Nature føreslår forskarane fire prioriteringar for ei ny risikovurdering:

  • Identifisere hotspots: Gardsbruk, elvar i byar og kystområde er alle sentrale kjelder til plastsøppel, og dessutan stadar kor mikrobar kan møte menneskemat. 
  • Verne utsette område: Oppdrettsområde, fiskeri-område, naturreservat, korallrev og våtmarker er viktige anten som matkjelder, for å bevare biomangfaldet eller for å regulere klimafaktorar – på same tid er dei sårbare for forureining og mikrobar. 
  • Målretta vurdering av transportårar: Stadar kor plast byggjer seg opp, som elvemunningar, hamner og reinseanlegg, treng eigne målretta risikovurderingar.
  • Fokus på næringskjeda: Mikroplast kan hope seg opp i matvarer, anten det er grønsaker eller sjømat, noko som kan ha helsefølgjer for menneske.

 

– Måtane vi menneske påverkar livet i havet på vert stadig fleire. Samtidig endrar klimaendringane spelereglane. Det fører til at totalkostnaden for havet vert høgare og høgare, seier Kvamstø. 

Det som påverkar økosystema våre aller mest, er nettopp summen av alt:

– Di meir kunnskap vi har om påverknadsfaktorane, di betre rusta er vi for å lette børa for havet og økosystema der, avsluttar havforskingsdirektøren. 

Kostnaden  blir høgare og høgare

Havforskingsdirektøren: – Totalkostnaden for havet vert høgare og høgare

Av dei drygt 400 millionar tonn plastavfall som vert produsert kvart år, hamnar opp mot 23 millionar tonn opp i vassøkosystem, syner tal frå FNs miljøprogram. Utan tiltak er det venta at også mengdene som ender opp i elvane, fjordane og havet stig kraftig.

Denne artikkelen ble først publisert på Havforskningsinstituttets nettside.

Les også

Facebook